onsdag 12. mai 2010

Design produkt

Her er nokre produkt som eg har laga i Grafisk Design på skulen i løpet av det siste året her.

















Dette er eit scraperboard av vokalisten i det norske Bandet Kaizers Orchestra.
Vokaliste heiter Janove Ottesen.
Scraperboard går ut på at du får eit svart brett å så skraper du vekk svart der det skal vere kvitt.



Desse to illustrasjonane teikna eg då vi hadde ei oppgåve der vi skulle lage forskjellege julekort.
Bileta er berre teikna med ein tjukk tusj, scanna og redigert i photoshop.


Dette er to julekort eg og leverte inn, i tillegg til juekortet med julenissen og snømannen.








Dette er ei årbokframside til skulen. Vi fekk i oppgåve å gå utifrå eit bilete og lage ei framside i Popkunst stil à la Roy Liechtenstein. Biletet eg har gått utifrå er av Steffen.

Dette har eg eigentleg berre laga på gøy, det er då seks popkunst bileter av meg.

Begrensa ytringsfridom


Ytringsfridom er rettigheita du har til å ha dine eigne meiningar og til å utrykkje dei. Det er visse etiske retningslinjer som avgrensar det, er du ein offentleg person som til dømes ein politikar, må du tenke over kva du velgjer å sei eller ikkje sei. Sjølv om du har retten til ytringsfridom har du ikkje retten til å krenke ein person eller gruppe, eller på ein anna måte misbruker retten din.

For oss som bur i Noreg er det vanleg å anta at alle har ytringsfridom, men vi veit eigentleg at det ikkje er så enkelt. I land som til dømes Russland er ytringsfridomen mykje strengare enn den eigentleg skal vere. Dette gjer til at landet vert styrt på ein måte som er ein fordel for dei som styrer det. Landet vert ikkje styrt på den måten som er best for folket som bur i den, og det er vel eigentleg det vi kallar brot på lova om menneskerettane.

Det har vore oppstyr om ytringsfridomen i Danmark som ikkje er så langt frå oss. I september 2005 vart 12 karikaturteikningar av profeten Muhammed publisert i den danske avisa Jyllands-posten. Grunnen til at desse teikningane vart publisert var at forfattaren Kåre Bluitgen hadde hatt problem med å finne ein illustratør til barneboka si Koranen og profeten Muhammeds liv. Fordi det er imot religionen Islam å avbilde Muhammed, vart det ikkje godt mottatt av muslimar rundt om i verda.
Ikkje lenge etter publiseringa i Jyllandsposten, publiserte Aftenposten teikningane og ikkje lenge etter det la Dagbladet ut teikningane på nettstaden sin. Dette gjorde til at det kom sterke reaksjonar også mot Noreg. Mange meiner at publiseringa av desse teikningane har forsterka fiendebiletet mellom ”den kristne delen av verda” og ”den muslimske delen av verda”. Om du vil lese meir om denne saka, kan du gjere det her.


                                           Bilete publisert i dagbladet                                       Foto: AFP/ARIF ALI
No er jo også internett ein plass der alle kan ytre meiningane sine for alle. Likevel er det land som også har funne ut at dei skal avgrense tilgangen til forskjellege sider for innbyggjarane i landet sitt ved å blant anna blokkere nettstader. Land som Kina, Iran, Burma og Kviterussland er høgt oppe på lista over land som gjer dette. Du kan lese meir om dette her.
Ein film om restriksjonar når det gjeld internett i Iran:http://www.youtube.com/watch?v=Ou-d4JRGVg8 .

Dette viser kor mykje media har å sei for kva som skjer i verda. For forskjellege nyhendemedium er det jobben deira å informere, vere samfunnskritisk og å skape debatt. Ettersom desse nyhendemediuma skal følgje dei etiske reglane til Ver Varsom-Plakaten , ser ein at det måtte ha vore vanskeleg å vite kva ein skulle gjere i denne saka sidan dei har som jobb å informere og skape debatt. Som det står i VVP:
Vis respekt for menneskers egenart, privatliv,
rase, nasjonalitet og livssyn.

onsdag 5. mai 2010

Lovleg eller ikkje lovleg bruk av åndsverk

Opphavsretten går ut på at ein person som har laga noko, har komen med ein ide eller noko liknande, har eineretten over det produktet eller den ideen han/ho har. Det vil sei at om ein person lagar eit riff til ein song, så har den personen retten på riffet. Opphavsretten gjelder i 70 år etter utløpet av det året opphavsmannen døydde. Om ein anna person bruker riffet til noko anna, som til dømes ABBA sin song Gimme! Gimme! Gimme! (A Man After Midnight) der riffet er brukt i songen til Madonna sin Hung Up. Eller songen Under Pressure av Freddy Mercury og David Bowie. Der er riffet brukt opp igjen i songen Ice Ice Baby av Vanilla Ice. Han er og heilt open om det at han har tatt det. Eg veit ikkje noko om desse sakene, men om dei ikkje hadde retten til å bruke noko av musikken, så kallar vi det plagiat.
No når internett framleis er nytt og spanande, er det fildeling som er det mest omtalte emnet når det gjeld opphavsrett og plagiat. Det er veldig vanleg å laste ned filer fra nettstaden Pirate Bay.
 Det er ikkje lov å laste ned sanger, program, filmer eller andre filer som ein eigentleg skulle ha betalt for. Likevel er det mange som gjer det fordi dei vil ha songen/programmet/filmen med ein gong og har ikkje peng til å kjøpe. Det er ikkje så rart at folk tenker: ”Viss eg kan få dette gratis, kvifor skal eg betale for det då?”
Fildeling er eit veldig omstridt emne fordi det er mange forskjellege meiningar rundt det:
Nokon meiner det er feil fordi same som ein lege går på jobb og tener penger, så er det også det til dømes musikarar gjer og. Derfor syns ikkje dei det er rett at det skal vere mogleg å berre laste ned åndsverket til nokon utan å betale for det. Når det er jobben deira, bør dei få betalt for det. Dei syns og det er moralsk urett å stele eit produkt som andre har brukt tid og pengar på å lage.
Nokon er delt fordi det er nokon artistar som syns det er heilt greitt at det dei har laga når ut til folk, dei vil jo publisere seg sjølv og lage gratis reklame for seg sjølv. Artistar kan ofte tene ein del på konsertar og andre ting i tillegg, slik at dei ikkje er avhengig av at eit visst tal plater vert seld.
Nokon meiner og at det burde vere heilt lovleg, det ligg jo der, klart til å bli ulovleg lasta ned, kvifor skal dei ikkje laste ned? Mange meiner at alt som er av kulturelle ting, det burde vere tilgjengeleg for alle.
Denne debatten er såpass stor og med så mange forskjellege meiningar at den kanskje aldri vert løyst. Men ei løysing kunne ha vore at det var ein nettstad eller noko liknande der dei som ville dele skaparverket sitt kunne gjere det. 
 Her er linkane er har brukt til informasjonen eg har lagt fram i dette innlegget.
Berre klikk på dei om du vil lese meir om Opphavsrett og Plagiat.