onsdag 5. mai 2010

Lovleg eller ikkje lovleg bruk av åndsverk

Opphavsretten går ut på at ein person som har laga noko, har komen med ein ide eller noko liknande, har eineretten over det produktet eller den ideen han/ho har. Det vil sei at om ein person lagar eit riff til ein song, så har den personen retten på riffet. Opphavsretten gjelder i 70 år etter utløpet av det året opphavsmannen døydde. Om ein anna person bruker riffet til noko anna, som til dømes ABBA sin song Gimme! Gimme! Gimme! (A Man After Midnight) der riffet er brukt i songen til Madonna sin Hung Up. Eller songen Under Pressure av Freddy Mercury og David Bowie. Der er riffet brukt opp igjen i songen Ice Ice Baby av Vanilla Ice. Han er og heilt open om det at han har tatt det. Eg veit ikkje noko om desse sakene, men om dei ikkje hadde retten til å bruke noko av musikken, så kallar vi det plagiat.
No når internett framleis er nytt og spanande, er det fildeling som er det mest omtalte emnet når det gjeld opphavsrett og plagiat. Det er veldig vanleg å laste ned filer fra nettstaden Pirate Bay.
 Det er ikkje lov å laste ned sanger, program, filmer eller andre filer som ein eigentleg skulle ha betalt for. Likevel er det mange som gjer det fordi dei vil ha songen/programmet/filmen med ein gong og har ikkje peng til å kjøpe. Det er ikkje så rart at folk tenker: ”Viss eg kan få dette gratis, kvifor skal eg betale for det då?”
Fildeling er eit veldig omstridt emne fordi det er mange forskjellege meiningar rundt det:
Nokon meiner det er feil fordi same som ein lege går på jobb og tener penger, så er det også det til dømes musikarar gjer og. Derfor syns ikkje dei det er rett at det skal vere mogleg å berre laste ned åndsverket til nokon utan å betale for det. Når det er jobben deira, bør dei få betalt for det. Dei syns og det er moralsk urett å stele eit produkt som andre har brukt tid og pengar på å lage.
Nokon er delt fordi det er nokon artistar som syns det er heilt greitt at det dei har laga når ut til folk, dei vil jo publisere seg sjølv og lage gratis reklame for seg sjølv. Artistar kan ofte tene ein del på konsertar og andre ting i tillegg, slik at dei ikkje er avhengig av at eit visst tal plater vert seld.
Nokon meiner og at det burde vere heilt lovleg, det ligg jo der, klart til å bli ulovleg lasta ned, kvifor skal dei ikkje laste ned? Mange meiner at alt som er av kulturelle ting, det burde vere tilgjengeleg for alle.
Denne debatten er såpass stor og med så mange forskjellege meiningar at den kanskje aldri vert løyst. Men ei løysing kunne ha vore at det var ein nettstad eller noko liknande der dei som ville dele skaparverket sitt kunne gjere det. 
 Her er linkane er har brukt til informasjonen eg har lagt fram i dette innlegget.
Berre klikk på dei om du vil lese meir om Opphavsrett og Plagiat.

1 kommentar:

  1. Eg lika at du skrive ganske objektivt her Marte, så får vi se alle sider av saka. Kjempebra!

    SvarSlett