Ytringsfridom er rettigheita du har til å ha dine eigne meiningar og til å utrykkje dei. Det er visse etiske retningslinjer som avgrensar det, er du ein offentleg person som til dømes ein politikar, må du tenke over kva du velgjer å sei eller ikkje sei. Sjølv om du har retten til ytringsfridom har du ikkje retten til å krenke ein person eller gruppe, eller på ein anna måte misbruker retten din.
For oss som bur i Noreg er det vanleg å anta at alle har ytringsfridom, men vi veit eigentleg at det ikkje er så enkelt. I land som til dømes Russland er ytringsfridomen mykje strengare enn den eigentleg skal vere. Dette gjer til at landet vert styrt på ein måte som er ein fordel for dei som styrer det. Landet vert ikkje styrt på den måten som er best for folket som bur i den, og det er vel eigentleg det vi kallar brot på lova om menneskerettane.
Det har vore oppstyr om ytringsfridomen i Danmark som ikkje er så langt frå oss. I september 2005 vart 12 karikaturteikningar av profeten Muhammed publisert i den danske avisa Jyllands-posten. Grunnen til at desse teikningane vart publisert var at forfattaren Kåre Bluitgen hadde hatt problem med å finne ein illustratør til barneboka si Koranen og profeten Muhammeds liv. Fordi det er imot religionen Islam å avbilde Muhammed, vart det ikkje godt mottatt av muslimar rundt om i verda.
Ikkje lenge etter publiseringa i Jyllandsposten, publiserte Aftenposten teikningane og ikkje lenge etter det la Dagbladet ut teikningane på nettstaden sin. Dette gjorde til at det kom sterke reaksjonar også mot Noreg. Mange meiner at publiseringa av desse teikningane har forsterka fiendebiletet mellom ”den kristne delen av verda” og ”den muslimske delen av verda”. Om du vil lese meir om denne saka, kan du gjere det her.
Ikkje lenge etter publiseringa i Jyllandsposten, publiserte Aftenposten teikningane og ikkje lenge etter det la Dagbladet ut teikningane på nettstaden sin. Dette gjorde til at det kom sterke reaksjonar også mot Noreg. Mange meiner at publiseringa av desse teikningane har forsterka fiendebiletet mellom ”den kristne delen av verda” og ”den muslimske delen av verda”. Om du vil lese meir om denne saka, kan du gjere det her.
Bilete publisert i dagbladet Foto: AFP/ARIF ALI
No er jo også internett ein plass der alle kan ytre meiningane sine for alle. Likevel er det land som også har funne ut at dei skal avgrense tilgangen til forskjellege sider for innbyggjarane i landet sitt ved å blant anna blokkere nettstader. Land som Kina, Iran, Burma og Kviterussland er høgt oppe på lista over land som gjer dette. Du kan lese meir om dette her.
Ein film om restriksjonar når det gjeld internett i Iran:http://www.youtube.com/watch?v=Ou-d4JRGVg8 .
Dette viser kor mykje media har å sei for kva som skjer i verda. For forskjellege nyhendemedium er det jobben deira å informere, vere samfunnskritisk og å skape debatt. Ettersom desse nyhendemediuma skal følgje dei etiske reglane til Ver Varsom-Plakaten , ser ein at det måtte ha vore vanskeleg å vite kva ein skulle gjere i denne saka sidan dei har som jobb å informere og skape debatt. Som det står i VVP:
Vis respekt for menneskers egenart, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar